Helsetunet

Informasjon om drifta ved legekontor, jordmorteneste og helsestasjon

Vik legekontor ber alle som treng reseptfornying om å gjera dette før 10. juli grunna ferieavvikling. 

Legetenesta

Legekontoret må framleis unngå for mange personar på legekontoret på same tid, og ber inntil vidare om at alle gjer avtale om legetime/blodprøvetaking på tlf 57 69 87 00 eller på besoklegen.no.

Alle timar som er er satt opp framover vil gå som planlagt om du ikkje får melding om noko anna. Har du symptom på luftvegsinfeksjon eller feber er det viktig at vi veit om dette før du kjem. Vi har eigen inngang og smittevernrutinar for pasientar med luftvegssymptom. Dette er adskilt frå resten av legekontoret slik at det skal vera trygt for alle pasientar. 

Kontaktinformasjon:

  • Vik legekontor: 57 69 87 00
  • Legevakt utanfor kontortid: 116 117

 

Helsestasjon og jordmortenesta

Helsestasjonen og jordmortenesta i Vik kommune ynskjer å beskytte dei mest sårbare brukarane våre mot korona smitte.
 
Me ynskjer difor ikkje at du/de skal komme på helsestasjon, om ein har:
Feber
Hoste
Sår hals
Influensasymptom
Tung pust
 

Ring  Helsestasjonen tlf 57 6 98711, eller jordmor Kari Haga tlf 90930769 så avtalar me ny tid.

Det er no tilnærma normal drift i helsestasjon- og jordmortenesta. Det vert framleis ikkje tilbydd gruppekonsultasjonar, og inntil vidare vert heimebesøk utført på helsestasjon. Generelle smittevern tiltak gjeld. Det er fortsatt ikkje høve til å ta med søsken til helsestasjon, eller barn på svangerskapskontroll. 

Individuelle konsultasjonar går som normalt.

 
Inger Lise Fjærestad
Leiande helsesjukepleiar Vik helsestasjon
Tlf. 576 98711/ 41468507
inger.lise.fjerestad@vik.kommune.no

 

 

Tips ein ven  Skriv ut