Godtgjersle til folkevalde

Satsane kjem fram av Forskrift (13.2.2020) om folkevalde si rett til godtgjersle og velferdsgoder i Vik kommune, fastsatt av Vik kommunestyre 13.2.2020 med heimel i lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner §§ 8-3, 8-4, 8-5, 8-6, 8-7, 8-8, 8-9 og 8-10.

Forskrifta er tilgjengeleg på lovdata på denne lenka.

Forskrifta vart justert i kommunestyrevedtak 17.12.2020, sak 106/20, slik:

 

Forskrift (17.12.20) om endring i forskrift om folkevalde si rett til godtgjersle og velferdsgoder, Vik kommune, Vestland


Heimel: Fastsett av Vik kommunestyre 17. desember 2020 med heimel i lov 22. juni 2018 nr. 83 om om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 8-3, § 8-4, § 8-5, § 8-6, § 8-7, § 8-8, § 8-9 og § 8-10.


I
I forskrift 13. februar 2020 om folkevalde si rett til godtgjersle og velferdsgoder, Vik kommune, Vestland, gjerast fylgjande endring:


§7 annet ledd skal lyde:
Ordføraren frikjøpast i 100% stilling. Ordføraren si årlege godtgjerdsle vert sett til 90% av ein stortingsrepresentant si grunngodtgjerdsle. Godtgjerdsla vert utbetalt som løn, og gir rett til feriepengar, på lik linje med tilsette i kommunen, jf. vedtak i kommunestyresak 106/20 om budsjett- og økonomiplan 2021-2024.

II
Endringa trer i kraft frå 1. januar 2021.