Nyhende
Fotokonkurransen «Mitt kulturminne 2015»
Vik kommune inviterer til fotokonkurranse. Fotokonkurransen er ein del av arbeidet med kulturminneplan for Vik. Kulturminne er spor og minne etter menneske før oss, frå steinalder og fram til vår eiga levetid: Gravhaugar og bygningar, vegar og stiar, bru og kai, steingardar og styvingstre, minnesmerke, reiskapar og andre gjenstandar.
Ta gjerne bilete av
- eit kulturminne som er viktig for deg
- eit kulturminne som du synest at fleire bør vite om
- eit kulturminne som står i fare for å gå tapt
Skuleelevar frå 5. til 10. klasse er spesielt inviterte, men alle kan delta.
Ta bilete av kulturminnet og skriv ein kort forklarande tekst (maks. 100 ord) om sjølve kulturminnet, og kvifor du valde det som «Mitt kulturminne 2015».
Bilete og tekst kan lastast opp via skjemaet nedanfor, eller send bilete og tekst på e-post til postmottak@vik.kommune.no.
Du kan også sende brev i posten til: Vik Kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn eller levere i tenestetorget på kommunehuset (merk med namn!).
Fristen for innsending av bidrag er 15. september 2015.
Dei beste bileta vert publiserte på Vik Kommune si heimeside, og på eiga utstilling seinare. Beste skuleklasse vert premiert!
Bli med!