Nyhende

Få din eigen digitale postkassen
Heile 32,3 % av innbyggjarane over 15 år i Vik kommune har alt teke i bruk digital postkasse. Bli med å hjelpa oss å ta framtidsretta steg du også, og få tilgang til posten din på ein trygg måte - same kvar du er i verda.
Vik kommune er klar til å senda deg post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i saksbehandlinga, redusera papirforbruk, redusera CO2-utslepp knytt til transport, og å minska kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg!
Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:
- Det er tryggare enn all anna postgang.
- Det er gratis å bruka.
- Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder.
- Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
- Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.
- Når saksbehandlinga til kommunen er ferdig, får du raskt vita resultatet.
Klikk på knappen nedanfor for å koma i gang!
Dersom du ønskjer hjelp til å oppretta digital postkasse:
Difi Brukarstøtte digital postkasse og ID-porten:
Grønt nummer 800 30 300
E-post: brukerstotte@difi.no
Nettprat: Chat - Snakk direkte med brukarstøtta