UtsiktDTH

Eigedomsskatten 2020 – status klagehandsaming 15.10.2020

Oppdatert status 15. oktober 2020. Klagehandsaminga er no avslutta, og melding om vedtak og nye skattesetlar er sendt ut.

Mottakarar som har digital postkasse, skal alt ha fått breva levert i desse. For mottakarar som ikkje har digital postkasse, kan det ta nokre dagar før breva kjem i postkassen.

Rammer og retningsliner for omtaksering av eigedomsskatt er justert etter klagehandsaminga, og du kan lese retningslinene her.

Eventuelt for mykje betalt skatt vil verta avrekna i samband med fakturering av fjerde termin 2020.

 

Generel informasjon om klagehandsaminga

Eigedomsskatten vart lagt ut 1. mars 2020, med klagefrist 11.april. Det vart registrert inn 215 klager.  

Fleirtalet av klagene gjeld fritidsbustadar, og naust på eige gards- og bruksnummer.

Skatten er utrekna på grunnlag av ny taksering av eigedomane utført i 2019. Nye takstar skal liggja fast i 10 år, og taksten skal etter lov om eigedomsskatt vera i rimeleg samsvar med pårekna omsetningsverdi for eigedomen.

Med bakgrunn i innkomne klager samt ein gjennomgang av takstar og kjende omsetningsprisar, har Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt gjort ein del endringar i rammer og retningsliner for takseringa, i hovudsak for fritidsbustader og naust på eige gards- og bruksnummer. Endringane  har konsekvensar òg for andre enn dei som har klaga.

Vik Kommune ber om forståing for at klagehandsaming og utskriving av nye takstar for aktuelle eigedomar tek tid. På grunn av ferieavvikling, let det seg ikkje gjera å få ut brev om vedtak til dei som har klaga før etter ferien. Melding om vedtak til dei som har klaga, og til eigarar som får ny  takst på grunn av endra rammer og retningsliner, vert sendt ut mest mogeleg samla i august eller september 2020. 

Etter at melding om vedtak er motteke, har heimelshavar nye seks veker klagefrist på vedtaket.

I høve eigedomsskattelova §25, 3. ledd, skal innkrevd eigedomsskatt betalast innan fristen sjølv om det er sendt inn klage. Dersom klagaren får medhald i klagen sin, vil for mykje betalt eigdomsskatt verta refundert. Eigedomsskatten vert difor kravd inn i samsvar med utskriven skatt for dei tre første terminane i 2020. Eventuelt for mykje betalt skatt vil verta avrekna i samband med fakturering av fjerde termin 2020.

Tips ein ven  Skriv ut