hjort kart

Digitalt hjortevaldkart for Vik kommune

Etter mange års arbeid har me sydd saman dei gamle papirkarta frå arkivet til eit digitalt hjortevaldkart med alt teljande areal i heile Vik kommune. 

Kartet finn de her:  http://www.kommunekart.com/klient/vik/hjortevald

I kartet kan de zoome inn og ut via scrolling eller + og – knappane. Trykkjer de på «Kartlag» oppe til venstre kjem det fram ei liste på høgre side der de kan kryssa av for å sjå jaktfelt-grensene i tillegg til valdgrensene. Jaktfelta er teikna inn for tre av storvalda. 
Dersom de vel «Eiendomskart» viser eigedomsgrenser og gards- og bruksnummer. «Vann» kan også vera nyttig då elvefar og groer greitt å finna i terrenget. Nedst til venstre kan de velja «Bakgrunnskart», t.d. flyfoto som gjer det lettare å kjenna seg att. 

Under «Meny» til venstre ligg verktøy for oppmåling, utskrift eller elektronisk deling av kartet. For å få fram utskrift må de trykkja både «Lag PDF» og «Last ned fil». Legg gjerne ei utskrift i sekken. 

Kartet som app på telefon

På telefonen (IPhone og Android) kan de enten søkje opp hjortekartet via lenka over i nettlesaren eller laste ned appen «Norkart - Kommunekart» og søkja fram rett kartlag (hjortevald) der. Har de dekning kan de sjekke kartet medan de er i terrenget. 

Vonar dette vert nyttig for jaktrettshavrar og gjestejegrar 

Hjortevaldkart

 
Tips ein ven  Skriv ut