Kyrkja i Feios

Detaljregulering Rinde og Fedjane

Høyring og offentleg ettersyn av planframlegg og varsel om mindre utviding av planområdet.

I samråd med vedtak i formannskapet, saksnr 022/21, vert framlegg til detaljregulering for Rinde og Fedjane lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12-10. Det vert også varsla om mindre utviding av planområdet. 

Planområdet ligg på begge sider av Feiosvegen, fylkesveg 5602, og strekker seg frå Rinde hyttefelt i vest til Feios skule og barnehage i aust. Planlagd arealbruk er i samsvar med gjeldande arealdel til kommuneplanen.
 
Planframlegget legg til rette for: 
• 3 nye bustadtomter
• 8 tomter med kombinert formål bustad/fritidsbustad
• parkeringsplass for Feios kyrkje og kyrkjegardane 
• turveg og utviding av friområde ved fjorden/Feios skule. Merk at planframlegget også viser alternativ trase for turvegen. Alternativ turveg er vist i eige notat.

Mindre utviding av planområdet:
Etter innspel frå grunneigar har ein utvida plangrensa noko i nordaust, ved sjøen, for å legge til rette for eit naust.
Plangrensa er også noko utvida i søraust etter innspel frå fylkeskommunen, slik at heile gravrøysa langs Feiosvegen, fylkesveg 5602, er teke med i planframlegget. Gravrøysa ville ha tangert tidlegare/gamal plan, noko som gjer at vi måtta hatt ei omsynssone på formålet anna trafikkareal. Dette omsynet vil då gjelde eit kulturminne utanfor planen. Det er viktig med omsynssone på anna trafikkareal for å sikre at det ikkje vert gjort tiltak som kan skade eller skjemme kulturminnet.

Planfagleg er det den beste løysinga å ta heile gravrøysa med omsynssone inn i planen.

Planframlegget finn du i desse dokumenta:
Plankart detaljregulering 
Plankart detaljregulering som PDF-fil
• Føresegner
Planomtale
Alternativ turveg
Illustrasjonsplan
Prinsippsnitt
ROS-analyse
Sakspapir, saksnr. 022/21, handsaming i formannskapet 

Plankart og føresegner er juridisk bindande.

Dokumentet planomtale gjer greie for bakgrunn for planarbeidet, forhold i planområdet og
utforming av planen. Planomtalen er av orienterande karakter.

Illustrasjonsplanen  og prinsippsnitt viser døme på korleis området kan byggjast ut.

Formannskapet vedtok at det, i planframlegget, skal leggjast inn ein alternativ trase for turvegen som går på nordsida av gravhaugen. Alternativ turveg er derfor vist i eige dokument: «Alternativ turveg». Vi ynskjer merknader på begge turveg-alternativa så merknadane vil vera med å avgjera kva turveg-alternativ som vert lagt inn i planen. 

Planframlegget er utarbeidd av Vik kommune i samarbeid med plankonsulent Asplan Viak as. Høyringsinstansar og partar i planområdet vert varsla med eige brev. Ta kontakt med Vik kommune dersom du/de har spørsmål til planframlegget.

Merknader må sendast til Vik kommune enten på e-post til postmottak@vik.kommune.no

eller som brev til Vik kommune, boks 134, 6891 Vik i Sogn.  Frist for merknader er 9. august 2021.

Tips ein ven  Skriv ut