Oppstart planarbeid fortau Vange bru-Flatbygdi skule

Detaljregulering -fortau Vange bru-Flatbygdi skule-varsel om oppstart av planarbeid

Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med offentleg detaljreguleringsplan for fortau frå Vange bru til Flatbygdi skule. Dette jamfør §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova.

29.11.21

Planarbeidet femnar om arealet vist på dette kartet                             

Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Vik kommune.

Formålet med planarbeidet er å etablere fortau frå Vange bru til Flatbygdi skule, langs fv. 5601 Seljadalsvegen og langs Skulevegen. Det vert vurdert i planarbeidet kvar på strekninga køyreveg skal flyttast eller om fortau skal etablerast langs og inntil eksisterande veg. Areal til veg og fortau er føresett regulert til offentleg veg. I tillegg skal det sikrast areal til å bygge tiltaket, inn på naboeigedomar. Eksisterande avkøyrsler og gangvegar skal sikrast gjennom planarbeidet. Tema for planarbeidet vert mellom anna: Trafikktrykkleik, tilpassing til eksisterande avkøyrsler, omsyn til eigedomar, løysing for kryss mellom kommunal veg og fylkesveg og flaumnivå ved elva.

Planområdet grensar til gjeldande reguleringsplan «Vikja-Seimsvegen». Fortau og veg skal tilpasse seg regulert løysing for kryssing av elva Vikja gitt i denne reguleringsplanen. Å etablere tilbod til mjuke trafikantar på denne strekninga er lagt inn i gjeldande arealdel til kommuneplanen. Vik Kommune si vurdering er at dette planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Planarbeidet er politiske forankra gjennom vedteken planstrategi for Vik kommune 2020-2023.

Arbeidet er i oppstartsfasen. Vi er i gang med å registrere og samle inn opplysningar for planarbeidet. Målet er å oversende planframlegget til Vik kommune for handsaming hausten 2022. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredsstillande.

For nærare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:

Iren Meisterplass
tlf: 99 21 83 72
e-post: iren.helene.meisterplass@norconsult.com

eller:

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du skriv eller sender e-post til:
 iren.helene.meisterplass@norconsult.com

Norconsult AS                                                                
v/Iren Meisterplass
Campus Fosshaugane, Trolladalen 30
Postboks 514
6856 Sogndal

Alle merknader vert samla og sendt til kommunen når høyringsfristen er ute. Frist for å sende inn merknader er sett til 04.01.2022.


 

 

Tips ein ven  Skriv ut