Oppstart-møte

Bygginga av nye bustadar til funksjonshemma er i gang

Det har i dag vore oppstart-møte der kommunen, arkitekten og dei ulike entreprenørane deltok. 

Det meste av førebuande arbeid er fullført, og grunnarbeidet startar med det første.  Anlegget skal bestå av 8 sjølvstendige omsorgsbustader som er knytt saman med fellesareal. Elles består anlegget av tilkomst, lagringsrom og opparbeidd uteområde inklusiv gangveg langs vestsida av bygget, frå VBS (Vik bygde- og sjukeheim) til området i nord. 

Vik kommune har fått tilsegn frå Husbanken om investeringstilskot til prosjektet, og prosjektet er planlagt ferdig i løpet av februar/mars  2017.

Arkitektar for prosjektet er Arkitektfirmaet Jon Vikøren AS, og O. L. Kyte AS er hovudentreprenør. Byggherre er Vik kommune.

Tips ein ven  Skriv ut