Nyhende

Biblioteka i Vik går over til e-bokappen BookBites
Publisert: 6. 01. 2020
av Geir Svendsen
Frå 6. januar går biblioteket over til e-bokappen BookBites. Finn ut korleis du kjem i gang med den nye tenesta.
Du kan enkelt låne e-bøker frå biblioteka i Vestland. Alt du treng er BookBites-appen, lånekort og pinkode. Då får du tilgang til fleire tusen e-bøker, og får same tilbod uansett kva for kommune du bur i. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!
Korleis gjer eg det?
- Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket.
- Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
- Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
- Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
- Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.
Treng du hjelp?
Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites
Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.