Illustrasjon opning av barnehage etter korona

Barnehagane opnar frå neste veke

Alle barnehagane opnar frå måndag 20. april. Då skal barnehagane vera rusta til å ta i mot born på ein trygg og god måte der smittevernet er godt ivareteke.

Etter råd frå fagekspertar opnar styresmaktene opp for at barn skal få komma i barnehagen igjen. Me er glade for å få barna tilbake i barnehagen og vil gjera dette etter retningslinjene som er komne frå sentralt hald. For å kunne ha open barnehage og samstundes ta omsyn til smittevern, har me nokre tiltak som vil gjelda alle barnehagane i Vik kommune. Nedanfor finn de også lenkjer til meir utfylande informasjon om retningslinjene på ulike språk.

 

Viktig informasjon til foreldre

  • Dagleg opningstid er 6,5 timar første veka. Om det let seg gjera så utvidar me opningstida andre veka. Opning-  og stengetidspunkt kan vera noko ulike frå barnehage til barnehage. Sjå informasjon frå barnehagen.
  • Om nokon ynskjer kortare opphaldstid så skal dette avtalast.
  • Levering av born skjer mest mulig utandørs.
  • Borna tek med seg niste og ferdig oppdelt frukt. Det blir ikkje smørjemåltid.
  • Borna et frukost heime.
  • Borna skal ikkje møte i barnehagen dersom dei har symptom på luftvegsinfeksjon eller annan sjukdom. Dei kan kome attende når dei har vore symptomfrie i eitt døgn.
  • Me oppmodar foreldre til å byte klede på borna kvar dag og bruk gjerne klede som kan vaskast på 60 grader.

 

Kvifor gjer me det slik

Bakgrunnen for desse tiltaka, er sjølvsagt smittevernomsyn. Barna vil bli delte i små grupper med ein fast vaksen, for å avgrense smittefaren så mykje som mogleg. På denne måten vil ein trenge fleire vaksne i heile opningstida, og i den resterande arbeidstida vil dei tilsette arbeide med viktige hygienetiltak og tilrettelegging. Reinhaldspersonalet vil også arbeide etter ein meir omfattande plan ut frå sentrale retningslinjer.

Barnehagepersonalet arbeider hardt for å kunne ta imot barna på ein trygg og god måte. Kommune- og barnehageleiinga bruker retningslinjene frå sentrale myndigheiter i arbeidet for å gjere det så trygt som mogleg å starte opp att (sjå lenke under). Den fyrste veka blir hovudfokuset å trygge borna, gi dei omsorg, lære dei nye hygienetiltak og la dei leike saman i små grupper. Det blir mykje uteaktivitet, så barna må ha gode klede.

Pedagogane i barnehagane har vore i kontakt med dykk føresette for å kartlegge kven som kjem i barnehagane i neste veke. Det er fint om de gir ein endeleg beskjed skriftleg til den de har hatt kontakt med, på sms, mail eller liknande, dersom de ikkje allereie har ein klar avtale.

Hjarteleg velkomne tilbake til barnehagen!

 

Nyttige lenker for meir informasjon

Tips ein ven  Skriv ut