Verdsarvmidlar

5,1 millionar til landbruket

Frå 1.1.2020 overtok kommunane forvaltninga av verdsarvmidlane og midlar til utvalde kulturlandskap. Sakshandsamar på felles landbrukskontor ÅLA, Ove Feidje, og landbrukssjef Magnhild Aspevik, ser fram til å forvalte denne ordninga, og håpar å få inn søknader på mange gode tiltak.

Me har 4 millionar til disposisjon til tiltak som skal styrka landbruket i verdsarvområdet, og 1,1 millionar til utvalde kulturlandskap i Lærdal, seier landbrukssjef Aspevik. Verdsarvområdet me forvaltar er Vestnorsk Fjordlandskap - Nærøyfjordområdet. Det er kommunane Aurland, Voss, Vik og Lærdal som har areal innanfor dette verdsarvområdet. Søknadsportalen er klar til å brukast i Altinn, om me er klare til å ta imot søknader.

Meir informasjon om ordningane kjem etter kvart. Om du har spørsmål ta kontakt med oss:  

Lærdal kommune
Tips ein ven  Skriv ut