Vikøyri frå sjøen

Vedtak om planprogram og invitasjon til innspel til revisjon av kommuneplanen sin arealdel

I samsvar med vedteken planstrategi av 16.02.2017 er det sett i gang arbeid med revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Revidert arealdel skal erstatta gjeldande arealdel vedteken i 2014. For dette arbeidet gjeld krav om utarbeiding av planprogram. Planprogrammet set fast rammer og retningsliner for planrevisjonen.  I kommunestyret 21.06.2018 sak 052/18 vart planprogrammet samrøystes vedteke. Planprogrammet legg til grunn at fokusområde for revisjonen er nye område for bustader og for næringsformål, med hovudvekt på hovudsoknet.

Fastsett planprogram og sakspapir er lagt ut på kommunehuset i Vik og på lenkjene under.

Hausten 2018 startar arbeidet med å utarbeida eit konkret forslag til revisjon av arealdelen.

Det er no høve til å koma med innspel til revisjonen av arealdelen fram til 1.september 2018.
 

Innspel må vera i samsvar med punkt 5.16 «Krav til innspel» i planprogrammet:

  • Alle innspel må vera skriftlege, med dato , navn, adresse og telefon/e-post.
  • Innspel som gjeld konkrete arealbruksendringar (nye byggeområde o.l.) må i tillegg dokumenterast med kartvedlegg, der avgrensing av område er påteikna.
  • Areal  til byggeformål må vera trygge for naturfare (ras/flaum), evt. dokumentert trygge med enkle sikringstiltak.
  • Innspel som er klart i strid med føringar som er gjevne i gjeldande planstrategi  og i dette planprogrammet, vert som hovudregel ikkje tekne til fylgje.

Innspel skal sendast på e-post til postmottak@vik.kommune.no, som brev til Vik kommune, Pb 134, 6891 Vik i Sogn eller ein  kan nytte svarskjema under.

Når kommunen har fått utarbeida eit ferdig planforslag vert dette lagt ut på høyring.

Lenkje til:

Planprogram

Sakspapir

Merknader til planprogram

Referat planforum

Kommuneplan Vik kommune 2013-2024 inkl arealdel

 





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut