Kulturmidlar / kulturstipend

  • Føremål med tenesta

    • Stimulering av frivillig-arbeidande, både individuelt (stipend) og for lag/organisasjonar (kulturmidlar)

  • Kven får tenesta

    • Kulturmidlar kan delast ut til lag, organisasjonar, grupper som har born unge og funksjonshemma som målgruppe.

      Kulturstipend: Målgruppa er personar som har eit særskilt talent, som syner god kvalitativ utvikling, og legg ned stor innsats for å utvikla seg i ein sektor av eit vidt definert kulturomgrep.

  • Korleis få tenesta

    • Kulturmidlar: Skriftleg søknad, med vedlagte årsrekneskap og årsmelding frå føregåande år. Send også inn budsjett om laget har det.

      Kulturstipend: Skriftleg melding til kommunen med forslag om person som fortener  påskjøning for innsats.

      Send søknad på eige skriv til:

      Vik kommune
      Postboks 134
      6891 Vik i Sogn

  • Kva omfattar tenesta

    • Kulturmidlar:
      Årleg tildeler kommunen kulturmidlar etter søknad frå lokale frivillige lag og organisasjonar.Deretter vil formannskapet gjere vedtak om tildeling.

      Kulturstipend: Politikarane vurderer om heile stipendet skal fordelast kvart år, eller om det skal delast på fleire, og kor stor sum vedkomande kan få

  • Kva kan eg forvente

    • Når kommunen har motteke søknaden, innan fristen, vil sakshandsamar kome med framlegg til fordeling av avsett budsjettpost.

      Saka vert så politisk handsama i formannskapet, der vedtak vert gjort

  • Klage

    • Klage må sendast innan fristen på tre veker etter de har fått medling om vedtaket. Kommunestyret vil behandle klagen, etter at formannskapet har fått vurdere saka på nytt.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening