Tilkopling vatn og avløp

Ved tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg skal det søkjast til kommunen. Det må søkjast både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal tilkoplast det offentlege vatn- og avløpsanlegget.

Heimelshavar for eigedomen, utbyggjar eller representant for denne sender inn søknaden.

Bruk skjemaet Søknad om sanitærabonnement.

Søknadskjemaet skal leverast saman med situasjonskart som viser plassering av bygningar som skal tilkoplast på eigedomen.

Ved installering av vassmålar, skal det søkjast om dette på same skjema. Dimensjon og type vassmålar med nødvendig dokumentasjon av forbruk skal gjevast opp og godkjennast før montering.

Ved montering skal skjema  Registrering/melding om installasjon og utskifting av vassmålar PDF document ODT document nyttast.

Gebyrregulativ for vatn finn du her

Gebyrregulativ for kloakk finn du her

Forskrift for VA gebyr

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar