Spørsmål - mindre byggjearbeid

Klikk på spørsmåla for å vise svara

Eg skal skifte vindauga i huset mitt må eg søkja kommunen om dette?

Dersom du skiftar ut eit eldre vindu med eit nytt som i form og utsjånad er tilnærma likt, treng du ikkje søkje. Søknadsplikt omfattar vesentlege endringar der fasaden sitt visuelle uttrykk vert endra. Er du i tvil så kontakt kommunen.

Kor stort tilbygg kan eg ha på huset mitt utan at eg må ha full byggesak?

Er tilbygget mindre enn 50m2 bruttoareal eller samla bruksareal, er tiltaket søknadspliktig, men du kan sjølv vere ansvarleg, dvs. "søknad om tiltak utan ansvarsrett". Er tilbygget over 50m2 må du ha nokon som er bygningsfagleg ansvarleg for tiltaket.

Kan eg setje opp tak over inngangspartiet utan å søkje om dette til kommunen?

Du treng vanlegvis ikkje søkje dersom takoverbygget ikkje endrar fasaden sitt visuelle uttrykk vesenleg eller kjem nærare eigedomsgrensa enn 3,0m. I enkelte tilfeller kan likevel overbygget påverke tomteutnyttinga(TU/%BRA) på eigedomen. Er du i tvil, spør kommunen.

Vi ønskjer å byggje eit tilbygg på rekkjehuset vårt, vi bur i eit burettslag. Korleis går vi fram?

Du må søkje til styret i burettslaget om oppføring av tilbygg. Om tilbygget vert godkjent søkjer du om tiltaket til kommunen på vanleg måte. Kopi av styrevedtaket må leggjast ved søknaden, og vert rekna som nabovarsling.

Kven av naboane skal ha nabovarsel når eg skal byggje på huset mitt?

Hovudregelen er at dei som grensar direkte til tomta di skal varslast. I tillegg skal gjenbuar varslast, det vil seie dei som bur over vegen for deg. Når det gjeld burettslag eller sameige må det søkjast til styret om bygging. Nabovarsel skal ikkje sendast til kvar einskild huseigar i burettslaget.

Vi har ein nabo som bur ca 200 meter frå huset vårt, skal han varslast?

Nei, vi seier som ein hovudregel at avstanden skal vere innanfor 150 meter for at det er naudsynt med nabovarsel. Tiltaket kan likevel få konsekvensar for nabo, så er du i tvil, kontakt kommunen.

Eg kjem ca 3 m frå nabogrensa med det nye tilbygget vårt, er det greit?

Hovudregelen er at avstanden frå bygninga sitt veggliv til nabogrensa skal vere 4 meter. Plassering nærare enn 4 meter krev skriftleg samtykkje frå naboen, såkalla positiv fråstandserklæring. Dette må leggast ved som eit eige skriv i søknaden, det er ikkje nok at naboen har kvittert på nabovarslingsskjema.

Eg har levert inn ei sak om tilbygg på bustaden min, kor tid kan eg forvente svar?

Søknad om tiltak utan ansvarsrett skal vere handsama innan 3 veker. Har nabo berre kryssa av for motteke varsel, må kommunen vente med handsaming til merknadsfristen på 14 dagar er ute. Dersom nabo har kryssa av for at dei samtykkjer i tiltaket treng ikkje kommunen vente til merknadsfristen er ute.

Eg skal byggje garasje, kor langt frå nabogrensa kan eg setje garasjen?

Frittliggande bygg som garasje, uthus og liknande under 50m2 bruttoareal kan plasserast inntil 1 meter frå nabogrensa. For frittliggjande bygg over 50 m2, skal avstand til nabogrense vere 4 meter (p.g.a. brannomsyn). Plassering nærare enn desse grensene krev skriftleg samtykke frå tilgrensande nabo, såkalla fråstandserklæring.

Må eg betale noko for å melde byggjesaka til kommunen?

Ja, du får eit krav på byggjegebyr. Sjå eige gebyr-regulativ

Vi skal byggje ei leikehytte i hagen, må dette søkjast om til kommunen?

Dersom bygget er mindre enn 15 m2, er tiltaket i utgangspunktet fritatt for søknadsplikt til kommunen. Dette gjeld t.d. leikehytter, hagebod m.m. Vi rår deg likevel til å ta kontakt med naboane dine, slik at dei får høve til å uttale seg. Bruksarealet inngår i grunnlaget ved utrekning av tomteutnytting (TU/%BRA).
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar