Auka kommunikasjonstryggleik i Vik kommune

Vik kommune har auka sin kommunikasjonstryggleik ved å plassere ut satellittelefonar i kvart grendalag.

Erfaringar frå ekstreme situasjonar, slik vi til dømes opplevde under stormen Dagmar i romjula 2011, viser at det er naudsynt å få på plass alternative kommunikasjonsmetodar mellom grendelaga vår. I tillegg er det viktig for kommunen at vi til ei kvar tid kan kommunisere med Fylkesmannen, AMK, Politiet, Sivilforsvaret, Fylkeskommunen og andre offentlege instansar. 

Kommunen har no plassert ut satellittelefonar i kvart grendelag.  Telefonane er plassert hjå personar som arbeider for kommunen, men bur i dei ulike grendelaga. Bruk av satellitt-utstyret medfører høge kostander.  Difor skal telefonane primært nyttast i krisesituasjonar der all anna kommunikasjon er ute av drift. Instruksen for bruk av utstyret opnar sjølvsagt også for bruk i ein kvar situasjon der liv og helse er i fare.

Innbyggjarane i grendelaga kan kontakte operatøren i si grend i naudsituasjonar der ein har behov for å kommunisere via satellitt. Satelittelefonane er plassert heime hjå følgjande operatørar:

 

Operatørar for satelittelefonane i grendelaga

Grendalag

Operatør

Fresvik

Ingvar Vangsnes

Feios

Julie Kristin Ness

Vangsnes

Geir Svendsen

Vik

Oddbjørn Ese

Arnafjord

Ann Cecilie Rinde

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut