Oppreisingsordning

Det er i Sogn og Fjordane oppretta ei felles kommunal oppreisingsordning for personar som har vore utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Ordninga gjeld for personar som var under offentleg omsorg fram til 1. januar 1993.

Fylkeskommunen skal stå for drifting av ordninga på vegner av kommunane i fylket. Det er oppretta eit sekretariat som skal gje informasjon om ordninga, rettleie søkjarane og førebu sakene for eit eige oppreisingsutval som skal avgjere søknadane.

Ordninga er meint å gje både ei oppreising og ei orsaking utan atterhald.

For meir informasjon sjå www.sfj.no med link til oppreisingsordninga oppe til høgre

Treng du hjelp eller meir informasjon, kan du ta kontakt med sekretariatet ved
Karen Steingildra, tlf 57 65 61 45,

e-post: oppreising@sfj.no


 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut