Nærøyfjorden verdsarv

Nærøyfjorden Verdsarvområde er det sørlegaste av dei to områda innskrivne som Vestnorsk Fjordlandskap på Verdsarvlista - UNESCO si liste over kultur- og naturarv av eineståande verdi. Omdådet er 709 km2 stort og fordelt på kommunane Aurland, Vik og Lærdal i Sogn og Fjordane fylke, samt Voss i Hordaland fylke. Store delar av verdsarvområdet har status som enten landskapsvernområde eller naturreservat.

Nærøyfjorden verdsarvpark er ei stifting og ein regional park som inkluderer verdsarvområde, aktørar og produkt i fjordnorge som aktivt har valt verdsarven som verdiplattform.

Vestlandsk fjordlandskap med Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane er eineståande eksempel på klassiske fjordlandskap og har opplevingskvalitet av det sjeldne. Ingen andre fjordlandskap i Norge er meir urørte, men viser samstundes spor etter menneske heilt attende til då isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan og fram til i dag. Naturen og kulturarven i området er unik i internasjonal målestokk. Ordføraren sit i verdsarvstyret .

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar