Vik lokalhistoriske arkiv

Vik lokalhistoriske arkiv fekk tilsett arkivleiar frå 1.august 1992, og arkivet vart offisielt opna 15.januar 1993. Arkivet held til i gode lokale i kjellaren på Vik bygde- og sjukeheim, inngang ved vaskeriet.  Arkivmagasinet har rullereolar med 500 hyllemeter.

Kva tek arkivet vare på:
Arkivet tek imot og oppbevarar privatarkiv og kommunearkivet (depot) for Vik. Det vert oppbevart viktig kjeldemateriale som er sikra mot brann, fukt, tjuveri, hærverk og uheimla innsyn. VLA tilfredstiller alle krav til ein arkivbygning. Alle som arbeider i arkivet har teieplikt, og har skrive under på teiepliktserklæring.

Kva er arkivet:
Arkivet skal samla, ordna og registera, oppbevara og gjera tilgjengeleg lokalhistorisk kjeldetilfang.

Privatarkiv
Omfattar lagsarkiv, personalarkiv og næringsarkiv. Det er registert 245 privatarkiv ved VLA. Desse er oppbevarte ved VLA, på Fylkesarkivet eller hjå private (ikkje avlevert).

Kommunearkiv
VLA har kommunale organ sine arkiv for perioden 1837-2004, og fungerer som kommunen sitt depot.

Statleg arkivmateriale
VLA arbeider med å byggja opp ei samling av fotostatkopiertkopiert kjeldemateriale frå statsarkivet i Bergen og Riksarkivet. Arkivet har kopiar av kyrkjebøker, folkeforteljingar, matriklar, branntakstprotokollar, skifteregister, panteregister og ein del anna. Her er og mikrofilmar av kyrkjebøker og folketeljingar, og slektsopplysningar er dataregistert. VLA har innbunde kopiar av kyrkjebøkene for Vik og Arnafjorden fram til 1940.

Foto
Ved utgangen av 2000 var det samla inn ca 6500 bilete som er tilgjengelege på fotokort, og stordelen av desse er og tilgjengelege på internett. Ein kan tinga kopi av desse bileta. Fotoarkivet fylgjer NKKM (Norsk kunst- og kulturhistoriske museer) sine rettleiande prisar.

Stadnamn
Det er samla inn 12000 stadnamn i Vik. Desse er kartfesta og lydbandfesta. Katalog over desse vart utgjeve i 2003.

Munnleg materiale
Det er tradisjon og livsminne som er skrivne ned eller tekne opp på kassett/lydband. Arkivet har nokre få kassettopptak. Nedskrivne livsminne har arkivet 10-15 av, og fleire av desse har vorte trykte i deler av "Pridlao".

Musikk
Det finst lydbandopptak med ulike utøvarar frå Vik kommune. Dette materialet er oppbevart ved Fylketsarkivet si musikkavdeling i Førde.

Faste kulturminne, bygningar og kulturlandskap
Det står att ein del arbeid når det gjeld registrering av faste kulturminne. Fornminne er registrert av Per og Eva Fett, og det ligg føre katalog. Eldre bygningar er ferdigregistrert, den såkalla SEFRAK-registreringa. Her vil katalog føreliggja om eitt eller to år. Høgskulen i Sogndal har registrert kulturlandskap i Vik, og det er utarbeidd rapport..

Utvandring
I boki "ein stad skal ein vera" av Rasmus Sunde er det register over 3532 personar som utvandra frå Vik, Arnafjorden, Kvamsøy og Vangsnes. I ei semesteroppgåve av Bjarne Bjørkevoll er det register over 850 utvandrarar frå Feios og Fresvik. Utvandrarane frå Vik er det laga slektslister for, gjort i USA av Zona Mathison. VLA har kopiar av desse listene. Det er bygt opp ei omfattande edb-basert slektsteneste med informasjon om utvandrarane.

Formidling
VLA er utgjevar av "Pridlao" og andre skrifter. VLA ser på formidling av innsamla materiale som svært viktig, og VLA er utgjevar av bygdebladet "Pridlao" (no Vik Historielag).

Innsamling av stoff og materiale til "Pridlao" og VLA går hand i hand, og fører til at VLA får tak i meir materiale.

VLA gjev og ut andre skrifter med lokalhistoriske tema, og har som mål å få gjeve ut ei bok kvart år.

Samarbeid med Fylkesarkivet
VLA har nært samarbeid med Fylkesarkivet som har avdelingar på Hermansverk, Førde (musikk) og Sandane (foto). Fylkesarkivet yter fagleg bistand, gjev råd og hjelper til med registrering og arkivering.

Det er Fylkesarkivet si avdeling på Sandane som står for all avfotografering av bilete og leverer kopiar på fotokort til VLA. Ved VLA vert dei prosjekta som Fylkesarkivet står bak utførte, tidlegare Prosjekt Ættesoge og Prosjekt Fotovern, i 1999 Kulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane.

Fordeler med lokalhistorisk arkiv
Tre fordeler peikar seg ut:

  • Samla på ein stad
  • Tilgjengeleg for alle
  • Vil ikkje gå tapt

Oppfordringi må derfor bli: Ta kontakt om de har noko som bør oppbevarast i arkivet!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Tenesteomtalar