Du er her: Heim Velkomen til Vik
Loek Laumans

Loek Laumans ønskjer velkomen til Vik

Sommaravisa har møtt Loek Laumans. Loek Laumans er nytilsett prosjektleiar for kommunen si satsing på tilflytting; prosjektet "Velkomen til Vik".

Ho er ikkje skuggeredd. Utfordringane er store, sjølv om me no skimtar lyset i tunnelen langt der framme. Siste 10 åra har folketalet i kommunen  minka med over 200. Det er berre auka tilflytting som kan snu den negative folketalsutviklinga. Innflyttarar frå utlandet vert ei viktig målgruppe. Der stiller Loek sterkt, med realkompetanse som innflyttar frå Nederland.  

Loek var fødd i i 1978 i ostebyen Alkmaar i Nederland. Kanskje gjer det spranget til gamalostbygda Vik litt mindre? Ho tok veterinærutdanning i Utrecht i heimlandet, og havna i Vik i Sogn i praksis, midt i lamminga. Der møtte ho Svein, bonde på Hønsi. Han gjorde så godt inntrykk at ho kom att under sauesankinga, og dermed var det gjort. I mars 2007 flytta ho til Noreg, først til eit vikariat i Gloppen og så til Vik for godt. Ho og Svein har 3 små på 6, 3 og ¾ år.

I tillegg har ho ein allsidig yrkeskarriere i Vik som veterinærvikar, lærar og turistvert. Attåt veterinærutdanning har ho med seg ein solid musikarbakgrunn som saksofonist i velrenomerte orkester i heimlandet. Det har og musikkmiljøet i Vik hatt stor glede av. I Vik har ein draum frå barndomen gått i oppfylling. Ho har fått eigen hest: fjordingen Binka, frå Nese i Arnafjorden. I Vik køyre- og rideklubb møter ho andre hesteinteresserte, og har teke på seg ansvar som medlem i styret.

Kva må til for å lukkast med å få meir tilflytting?

"Det vil kreva tiltak på mange felt, hardt arbeid og lang tid. Det er ikkje nok at ein eller eit fåtal personar jobbar for tilflytting. Heile Vikjasamfunnet må vera med. Bulyst handlar om mange ting, ikkje berre hus og arbeid. Tilflyttarar må kjenna seg velkomne til Vik. Der har me alle eit ansvar. Min jobb vert å få alle til å dra i same retning."

Kva gjer deg særleg skikka for oppgåva?

"Eg er sjølv innflyttar og kjenner utfordingane av eigen erfaring. Eg er bra kjent i heile Vik kommune frå mitt arbeid som veterinær og turistvert. Dessutan brenn eg for Vik si framtid som ei levande bygd!"

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut