Kart og oppmåling

Oppgåver og ansvar

Kart og oppmåling har ansvar for blant anna vedlikehald av digitale kartbasar, formidling av analoge og digitale kart til offentleg og privat bruk, kart og delingsforretning (saker innkomne før 01.01.2010), oppmålingsforretning etter matrikkellova samt matrikkelføring - registrering av grunneigedom og bygning i matrikkelen. Kommunen sin matrikkelførar må vera godkjent av sentral matrikkelstyresmakt som er Statens kartverk.

GIS/Kart
Kommunen har eit GIS-system til internt bruk, men har også ein kartteneste på nett i samarbeid med 7 andre kommunar i midtre og indre Sogn. Logg inn på kommunekart.com. Med denne løysninga er det mogleg for publikum å gjera enkle påteikningar, måle avstand og areal med meir. Kart kan skrivast ut, eller lagrast på fil, som kan leggast ved søknad om tiltak med meir. Kommunen kan også ta ut kart/situasjonskart fra vårt interne GIS, og sende pr. post eller e-post. Uttak av kartdata fra kommunens interne GIS kan belastas med gebyr. Gjennom GEOVEKST og Norge Digitalt har me tilgang til mange ulike karttema.

Vedlikehald av digitale kartbasar
Matrikkelen som er utgangspunkt for eigedomskartet vert oppdatert kontinuerleg, men me slit litt med feil og manglar med ein del gamle og tidligare frådelte eigedomar som ikkje finst i kartet frå før. Dette vert det jobba med .Matrikkelen er også Norges adresse og bygningsregister.

Kommunane har og fått ansvar for vedlikehald av AR5 (markslagskart) til landbruket.
 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar