Du er her: Heim Velkomen til Vik
Hjerter

Kan du tenkja deg å vera reserve-besteforelder?

Det siste året har det kome mange barn til Vik, barn som har besteforeldra sine att i heimlandet. Nokre av desse barna kunne hatt godt av å ha nokon som kan fungera som besteforeldre, såkalla reserve-besteforeldre. 

Reservebesteforeldra tek frivillig på seg å fungera som besteforeldre for barna og deira foreldre. Ein slik kontakt kan bidra til gjensidig glede i kvardagen for begge partar.
 
Dette har vore utprøvd andre stadar, og der har det kome positive tilbakemeldingar. Ei mor sa det slik: 

«Barn treng fleire vaksenpersonar. Dei treng rollemodellar og nokon dei kan stikka innom å prata med utanom foreldre. Nokon dei er trygge på, og som har noko å bidra med utanom det barna får hjå foreldre. Vaksne som kan komma med innspel, og som har noko å gi.»  

Ei reserve-bestemor ga uttrykk for at ho følte at det var godt å kunna bety noko for nokon. Det ga glede og meining i kvardagen.
 
Er dette deg? Kan du tenkja deg å bidra til å skapa ein trygg oppvekst for desse barna?
 
Ikkje nøl! Ta kontakt med Loek Laumans dersom du er interessert eller har spørsmål: 

E-post:   loek.laumans@vik.kommune.no
Telefon:  469 06 819 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut