Hummar

Høyring - fredingsområde for hummar i Sognefjorden

Fiskeridirektoratet region Vest sender ut forslag til fredingsområder for hummar i
Sognefjorden på høyring.

 

Høyringsdokumenta finn du ved å klikka på denne lenka.

Frist for uttale er sett til 31. august 2018. Merknadar til framlegget sender du til postmottak@fiskeridir.no.
 
Kommunane Høyanger, Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal og Aurland, har gått saman om forslag til freding av hummar for i alt 17 områder i Sognefjorden. Fredingsområda skal gjelde frå land og ut til 50 meters djup. Innanfor desse områda skal hummaren vere totalfreda. For 14 av områda vil det gjelde forbod mot fiske med fastståande reiskap som teiner, ruser og garn gjennom heile året. For 3 av områda (Sogndalsfjorden, Aurlandsfjorden og Lusterfjorden) vil det gjelde forbod mot hummarteiner gjennom heile året. Fredingsområda vert foreslått innført for 10 år.
 
Fiskeridirektoratet tek sikte på at fredingsområdet skal gjelde frå 1. oktober 2018.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut