Hjelpetiltak frå barnevernstenesta

Generelt

Tenesteomtale

Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der ein treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei blir tekne godt vare på.
 
Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.
 
Hjelpetiltak er som oftast helt frivillig og er noko som kan bli ein positiv forandring for barnet og familien.

Slike hjelpetiltak kan vere rettleiing, støttekontakt, avlasting for foreldre, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak. Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Ein legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Målgruppe

Born under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak førast vidare til barnet har fylt 23 år.

Kriterium/vilkår

Barnet må ha vanleg bustad i Noreg og bu her.
 
Hjelpetiltak er også for barn som oppheld seg i Noreg  og som er flyktningar eller er internasjonalt fordrivne, eller når den vanlege bustaden til barnet ikkje lèt seg fastsetje.
aaa

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Foreldre, vener, grannar, barnehage/skule, helsestasjon, osb. som ser at eit barn treng eit hjelpetiltak, kan melde frå til barnevernstenesta.

Barneverntenesta har plikt til å følgje opp ei melding eller eit spørsmål frå foreldre som treng hjelp.
 
Barnet skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og har rett til fritt å gi uttrykk for synspunkta sine.

Skjema

Bekymringsmelding til barnevernstenesta

Sakshandsaming

Barnevernstenesta skal skaffe seg dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan velje å engasjere en sakkyndig person til å greie ut meir om saka. I så fall skal rapporten frå den sakkyndige sendast til Barnesakkyndig kommisjon til vurdering. Kommisjonen si vurdering av rapporten skal vere levert til barnevernstenesta før det blir gjort viktige avgjerder i saka.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klaga

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om barnet/familien har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2018-04-24 10:21

Tenesteomtalar