Stadheim4

Første kommunale vigsel i Vik kommune

Den første borgarlege vigsel i Vik kommune sin regi vart gjennomført laurdag 23. juni 2018.

Stadheim4
Vigsel
Stadheim3
Signering av vigselsbok

Frå 1.1.2018 har kommunane overteke ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar. Det er ordførar og varaordførar som har mynde til å gjennomføra vigselseshandlinga. Den første vigselen i regi av Vik kommune er no gjennomført. 

Laurdag 23. juni 2018 vart Marie Vikøren Asperanden og Gaute Stadheim vigde av varaordførar Roy Egil Stadheim. Seremonien vart gjennomført på Stadheim, i Gaute si heimegrend, med mange gjester til stades. Det strålande veret, og den vakre omgjevnaden sette ei flott råme for den høgtidelege handlinga. Etter å ha minna brudeparet på kor stor og viktig hending det er når to menneske vel å leva saman i ekteskap, og begge hadde svara eit tydeleg JA på spørsmålet om dei ville ha kvarandre som ektemake, erklærte varaordføraren dei som rette ektefolk.

Vik kommune ønskjer brudeparet til lukke med dagen og alt godt for framtida!

Du kan lesa meir om kommunale vigslar her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut