Du er her: Heim Velkomen til Vik
Vik

Flytte til Vik

„Velkomen til Vik” er namnet til tilflyttingsprosjektet som no vert starta opp i samsvar med mål i ny kommuneplan 2013-24:

„Hovudmål for plan- og utviklingsarbeidet i Vik kommune er å snu folketalsnedgangen. For planperioden gjeld fylgjande mål: Snu folketalsutviklinga - 2800 innbyggjarar i 2024.”

Vik kommune treng tilflytting !

Tilflyttingsprosjektet
Prosjektet skal ha ei tidsramme på minst 5 år, med forlenging ved behov. Aktuelle partar i prosjektet er Vik kommune, fylkeskommunen, næringslivet og frivillig sektor.

Prosjektet må ha gode og realistiske opplegg for bustad, arbeid, norskopplæring, integrering og kommunikasjon med aktuelle målgrupper. For å få betre kunnskap om grunnane folk har for å flytta til og frå Vik, ber me no innflyttarar og utflyttarar om å delta i ei spørjeundersøking.

Verksemdene i Vik kommune vert kontakta direkte, og inviterte til å bidra med sine erfaringar.

Vil du motta epost om nyhende i tilflytningsprosjektet? Klikk her!

Spørjeundersøking

Har du eller andre personar i din husstand meldt flytting til Vik kommune etter 01.01.2000? Eller flytta du frå Vik kommune etter 01.01.2000?
Er svaret ja, vil vi gjerne be deg/dykk bli med i spørjeundersøkinga (sjå lenkjene lengre nede) som har som delmål å kartlegge erfaringane folk har frå å busetje seg i Vik, positive og negative.

Har du ei verksemd i Vik, og har verksemda di erfaring med utanlandsk arbeidskraft eller planar om/interesse i å tilsetje personar frå utlandet?
Er svaret ja, vil vi gjerne be deg/dykk å bli med i spørjeundersøkinga (sjå lenkjene lengre nede) som vil kartlegge nettopp dette.

  

Du kan delta i spørjeundersøkingane på ulike måter: 

  1. Du kan delta i undersøkjinga online ved å fylgje lenkja nedanfor.
     
  2. Du kan fylle ut eit PDF-skjema som du etterpå „skriv ut som fil” og sender på e-post til Odd.Rune.Turvoll@vik.kommune.no
    Om du har rette type programvare på din PC, kan du også lagre PDF-skjemaet med dine svar i ei fil.
     
  3. Du kan fylle ut eit PDF-skjema, som du etterpå kan skrive ut og levere manuelt.
     
  4. Du kan skrive ut skjemaet og fylle det ut for hand. Skjemaet kan leverast tilbake i boksar som er plasserte ut på desse stadene: Tenestetorget til Vik kommune, Fjorden Nærbutikk (kaffikroken), JOKER Vangsnes, Feiosbui og Coop Nærkjøp Fresvik.

 
Lenkjene til spørjeundersøkingane: 

Svarfrist: 24.februar 2013


Andre nyttige linkar relatert til Vik
Overnatting / attraksjonar og aktivitetar Reisemål Vik
Ledige jobbar i Sogn og Fjordane Framtidsfylket
Verksemder Verksemder
Lag og Organisasjonar Lag og organisasjonar
Ledige tomtar, nye leilegheiter Tomtar og leilegheiter
Historikk og omtale av Vik Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon

 

 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut