1417-2006001_250x164

Digitalt planregister - reguleringsplanar

Gjeldande reguleringsplanar i Vik kommune finn du på www.sognekart.no

Link til: Finn planane sjølv på internett (rettleiing)


Reguleringsplanar er detaljerte planar med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, for bestemte område i kommunen. Planane kan omfatte eit eller fleire formål.

Det er etter ny lov to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering.
Områderegulering blir brukt av kommunen der det er behov for meir områdevise avklaringer av arealbruken.
Private aktørar har rett til å fremje framlegg til detaljregulering.
Eit krav etter lova er at private aktørar og kommunen skal ha eit oppstartsmøte for å avklare problemstillingar knytt til planen og eventuelt behov for konsekvensutgreiing (KU).

Vedteken reguleringsplan gir rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, og eventuelt ekspropriasjon.
Føresegnene om reguleringsplanar finst i kap. 12 i plan- og bygningslova.

Reguleringsplan og utbyggingsplan er plantypar etter gamal plan- og bygningslov.
Planar etter både ny og gamal plan- og bygningslov vil forsette å eksistere side ved side inntil ein plan blir oppheva ved vedtak eller blir erstatta av ny plan

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut