Digital postkasse

Me er klare, er du? - Opprett din digitale postkasse nå!

Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og få tilgang til posten din på ein trygg måte - same kvar du er i verda.

1623 innbyggjarar i Vik kommune har enno ikkje teke i bruk digital postkasse. No startar kommunen ein kampanje for å få fleire til å ta imot digital post frå kommunen.

Vik kommune er klar til å senda deg post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i saksbehandlinga, redusera papirforbruk, redusera CO2-utslepp knytt til transport, og å minska kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg!   


Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:

  • Det er tryggare enn all anna postgang.
  • Det er gratis å bruka.
  • Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder. 
  • Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
  • Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.
  • Når saksbehandlinga til kommunen er ferdig, får du raskt vita resultatet.

Dersom du ønskjer meir informasjon, kan du ta kontakt med Leiar for IKT og tenestetorg, Geir Svendsen, på telefon 918 49 773, eller på e-post: geir.svendsen@vik.kommune.no

Dersom du alt er klar til å oppretta digital postkasse, klikkar du på knappen nedanfor for å koma i gang!

Opprett-knapp

 

Dersom du ønskjer meir hjelp til å oppretta digital postkasse:

Vik folkebibliotek:
Tilsette ved biblioteket kan hjelpa deg i gang kvar tysdag mellom kl 18.00 og 21.00. Hugs i tilfelle å ta med deg bank-id brikka di eller påloggingsinformasjon for MinID. Dette treng du for å oppretta postkassen.

Difi Brukarstøtte digital postkasse og ID-porten:
Opningstid: måndag – fredag kl. 08:00 - 15:30
Grønt nummer 800 30 300
Tenesta er gratis frå fasttelefon i Norge.
Frå utlandet: +47 57 65 50 60

E-post: brukerstotte@difi.no
Nettprat: Chat Snakk direkte med brukarstøtta (kun tilgjengeleg i opningstida)

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut