Sommarles

Digital sommarles 2018 - Vik på fylkestoppen

Glimrande start på årets kulaste lesekampanje for barn. I alt 155 ivrige, unge lesarar har registrert seg på sommarles.no etter ei veke. Me er på topp i fylket med 68,9 % oppslutning.

Sommarles vert i år arrangert for 8. gang på rad. I år kjem kampanjen i ny digital drakt, med digitale trofé på kvar deltakar sin nettprofil. I tillegg vankar det tradisjonelle, fysiske premiar til dei leselystne.

Sommarles gjer det gøy å lese

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. 
  • Alle elevar i 1. til 7.​ ​klasse​ kan delta (inkl. dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der ein  får løyse oppgåver knytte til forteljinga. 
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! 
  • Sommarles er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS. 
  • Sommarles blir i 2018 leia av Telemark fylkesbibliotek, Finnmark fylkesbibliotek og Snuti ANS.
  • Sommarles varer frå 1. juni til 31. august

Lag din eigen profil på Sommarles.no og les så mykje du orkar i løpet av sommarferien (når du opprettar profilen din, må du oppgi lånenummer null). 

Les bøker, få kule premiar, prøv det nye spelet og les sommarlesforteljinga til Mari Moen Holsve! 

For sommarlesforteljinga treng du kodeord:

  • Kodeord for kapittel 1: "OPPDRAG"
  • Kodeord for kapittel 2: "ASTRONOM"
  • Kodeord for kapittel 3: "MJØLKEVEGEN"
  • Kodeord for kapittel 4: "RAKETT"
  • Kodeord for kapittel 5: "MARS"
  • Kodeord for kapittel 6: "SVART HOL"
  • Kodeord for kapittel 7: "UNIVERSET"
  • Kodeord for kapittel 8: "KOMETAR"
  • Kodeord for kapittel 9: "STILLHET"
  • Kodeord for kapittel 10: "PARYKK"
  • Kodeord for kapittel 11: "LYSÅR"
  • Kodeord for kapittel 12: "MIMES BRØNN"

Treng du hjelp eller meir informasjon, ta kontakt med biblioteket ditt!

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut