Bøker levert på døra

Vik Røde Kors besøksteneste utvidar tilbodet og syter for at bøker og tidsskrift kjem heim i stovene til leselystne.

Heile kommunen er med i ordninga og me oppmodar brukarane om å kontakta biblioteket:

Mona Svendsen
tlf. 57 69 80 25

E-post: bibliotek@vik.kommune.no

eller leiar i Vik Røde Kors besøksteneste:

Olav Fimreite

Tlf. 480 52 391

E-post: valo.fimmen@sogn.no

Biblioteket tilby bøker, tidsskrift eller filmar.

Vik Røde Kors besøksteneste vil avtala eit høveleg tidspunkt som passar når det gjeld leveringa.  Besøkstenesta vil bringa bøkene heim på døra, og vil også syta for at bøkene blir returnerte når brukaren har lese seg ferdige.

Tilbodet er heilt gratis.

Vik Røde Kors besøksteneste.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Avdelingsinformasjon