Forfattarmøte på Vik folkebibliotek

To svært erfarne utanrikskorrespondentar, Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, vil fortelja frå boka si om året 1968, som var breddfullt av dramatiske hendingar og omveltingar i store delar av verda.

Eva og Joar har henta fram historiar frå vår ganske nære fortid, og dei vil gje oss eit nostalgisk og lærerikt gjensyn med hendingar vi framleis påverkast av, på godt og på vondt.

Servering av kaker, kaffi/te i pausen (inkl. i inngangsbilletten).

Inngangsbillett: kr 100,-

Velkommen til eit spennande foredrag.



Arrangør:
Vik folkeakademi
Vik folkebibliotek

: Vik folkebibliotek
Tid: tirsdag 16. oktober 20:00